Klikk her for å komme til Sunnfjord Drift's nettsider Krokane Bydelsytval Klikk her for å komme til Sunnfjord Drift's nettsider Krokane Bydelsytval E-post Kontaktinformasjon
      

   
Krokane Bydelsutval A/L

Kven er vi?

Krokane Fritidsheim er inne i sitt 27 år og vi ser fram til eit samarbeid med mange nye (og gamle) barn og foreldre. Institusjonen er eigd av lokalsamfunnet gjennom Krokane Bydelsutval A/L som ansvarleg driftsselskap. Dette selskapet driv Kulturkveldane på Krokane. Vi driv også aktivitetar på Torvmyrane skule og kulturhus. Krokane er framleis ein skulekrins, men med to opptaksområder. Området er også ein krins sett i høve til satsing på kulturarbeid.

Krokane Bydelsutval A/L eig igjen aksjar i Krokane Nærtenester A/S. Krokane Nærtenester har 15 tiltaksplasser (VTA).

Krokane Bydelsutval A/L er hovudaksjonær i Sunnfjord Drift. Selskapet sitt formål er sal av tenester og produkt til offentleg og privat verksemd, lokalt og regionalt. Det skal skape verdiar og arbeidsplassar, også for utsette grupper. Dei tre selskapa gjev då arbeid til om lag 30 personar. Krokane Nærtenester A/S driv vaskeri på Flora Sjukeheim, transportavdeling og vedlikehald av hagar, hus o.l..

Fritidsheimen har i dag 72 barn og 7 fast tilsette.

Krokane Fritidsheim

  • Skape positive samværsformer mellom barn og mellom barn og vaksne på Fritidsheimen. Barna skal hjelpast til forstå korleis dei kan påverke sosiale og praktiske situasjonar gjennom samarbeid og konfliktløysing i dei daglege gjeremål.
  • Legge tilhøva tilrette for å trekke barna direkte inn i planlegginga og utforminga av Fritidsheimen.
  • Være foreldra si forlenga arm i oppsedinga av barna og dermed sikre foreldra reell innverknad på drift og innhald av Fritidsheimen.
  • Hjelpe barna til å ta vare på, utnytte og utvikle nærmiljøet sitt.
  • Utvikle Fritidsheimen til ein ”open” institusjon som nyttar nærmiljøet i den daglege verksemda. Fritidsheimen skal opne eigne dører for integrerte aktivitetar for barn, unge og vaksne som ikkje formelt er knytte til Fritidsheimen.
  • Utvikle Fritidsheimen i samarbeid med Bydelsutvalet sine øvrige aktivitetar til eit heilskapleg leike/fritidssenter for alle på Krokane.

   
Siste nytt

    Tiltak for barn i nærmiljøet
    Husstandar i Solheim og Botnaholten kan søke om midlar til nærmiljøtiltak, særleg retta mot barn. Kriterium for tildeling får ein ved å klikke her (pdf) Søknadsfrist 01.06.10

    Kulturkveldane
    Starter opp att 11.01.10 kl 17.30.

    Dametrimmen
    måndag kl.18.30
    onsdag kl. 19.00
    Stad: gymsalen Krokane Skule

 


Websider utvikla av VestDesign - Florø